Skriv ut denne siden

Hr. Sveins hage

Blåur ligg i den sørvestvende skråninga frå Gavlesjå og opp mot Røgnlifjell. Namnet fortel oss om farga på steinane i urda. Den vakre og blåaktige vulkanske  bergarten amfibolitt er 600 millionar år gamal. I øvre del av urda hadde presten Hr. Svein hagen sin. Når amfibolitten smuldrar, lagar den eit næringsrikt jordsmonn! Det visste Hr. Svein!
Vegetasjon og plantesamfunn er sårbare i Hr. Sveins hage. Det er difor ikkje tilrådeleg med for mykje tråkk der. Dessutan er det både bratt og rasfarleg!
 Men vil du gå opp på ryggen mot Rognlifjell og stoppar på avsatsen på nordsida, kan du sjå ned i  Hr. Sveins hage.
Utsikten mot Gavlesjå, Slettefjell, Ljoslihovet, Økteren og Joronnatten er også imponerande!
 

Turen tek  40 - 50 minuttar i roleg gange! 

                                                                                                               Forfatter og foto:H Sem


Forrige side: Historikk fra Lifjell
Neste side : Hr. Sveins røys