Skriv ut denne siden

Hr. Sveins røys

Svartedauden eller pesten tok livet av 1/3 del av Noregs befolkning midt på 1300 talet. Mange gardar, grender og bygdelag vart liggjande aude i lange tider
Hr. Svein var prest i Heddal på denne tida.. Han var redd at pesten skulle innhente også han.  Difor flutte han opp til Gavlesjåstulen for unngå å bli smitta. Men slik gjekk det ikkje!
Bygdefolk  fann ein dag Hr. Svein liggjande død i stulsbua på eit lægje av dyreskinn svart og fæl i andletet. Han vart gravlagd i ein helling opp mot Slettefjell. Fleire store steinar ligg i dag ved sidan av kvarandre over grava hans. Dei er gråkvite og skil seg tydeleg ut frå omgivnadene og ligg i i øvre del av bjørkebeltet.
Hr. Sveins røys er eit fint turmål. Følg den merka turstigen eit stykke opp mot Slettefjell. Etter nokre hundre meter tek du av til venstre og kryssar bekken. Så gjeng du skrålies vidare opp i sørleg retning.

Turen tek 40- 50 minuttar. Utsikten frå Hr. Svein røys er unik!

                                                                                                           Forfatter og foto: H Sem

 


Forrige side: Hr. Sveins hage
Neste side : Sendingsteinen