Skriv ut denne siden

Sendingsteinen

Den gamle buvegen frå Åsegrenda iHeddal til Gavlesjåstulen vart kalla Su’vegen. Siste delen av Su’vegen mot Gavlesjå gekk over Stemningshauge’n. Namnet Stemningshauge’n fortel oss kva kjensler folk fekk når lendet opna seg og Slettefjell og Lifjell kom til syne!På eit utsiktspunkt, langs Su’vegen over Stemningshauge’n og ved sida av ei gamal furu, ligg ein markert og flat stein, kalla Sendingsteinen. Hit  bar sokneborna i Heddal mat til presten Hr. Svein. Svartedauden tok som kjent mange liv og Hr. Svein var redd for å bli smitta!

Vil du oppleve Sendingsteinen og sjå på denne særprega og rare steinen – og kome i god stemning, - må du gå ca 500 m tilbake frå nordenden av Gavlesjå og  på den gamle driftevegen over Stemningshauge’n

                                                                                            Forfatter og foto: H Sem


Forrige side: Hr. Sveins røys
Neste side : Naturvern